Ørsta: Saga ned forbodsskilt med vinkelslipar

Nyheter

Ein mann i 20-åra blir politimeldt, etter at han saga ned eit trafikkskilt – eit forbodsskilt – ved hjelp av vinkelslipar, i Webjørn Svendsen-gata i Ørsta natt til søndag, skriv politiet i ei Twitter-melding.

– Skiltet vart kasta på sjøen og ligg rett utfor kaia ved Kaihuset, heiter det.

Kommunen har tidlegare vedtatt ein ny skiltplan, der det å redusere nattestøyen står sentralt, og det skal vere eit skilt som er sett opp i samband med dette som vart saga ned. Skiltet forbyr nattleg gjennomkøyring mellom klokka 01.00 og 06.00, og i tillegg til Webjørn Svendsen-gata inkluderer forbodet også tilstøytande gater som Sjøbrauta og Torggata.


Råning og anna nattestøy skapte irritasjon

No tar Ørsta grep mot nattestøy

Tagger:
Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter