Stryn: Køyrde på hjort og hamna i fjellveggen

Nyheter

Ein bilførar er frakta til legevakt etter ei trafikkulykke på fylkesveg 5742 ved Blaksettunnelen i Stryn søndag morgon, melder politiet.

- Bilen har køyrd på ein hjort, og vidare inn i ein fjellvegg. Førar klagar på smerter i ein fot, heiter det.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 06.44.

Det skal vere mindre skadar på bilen, og klokka 07.45 opplyser politiet at bilen er fjerna og vegen open.