Dramatisk då slambil tok fyr i tunnel

Slambilen frå Stryn er totalt utbrent etter tunnelbrannen før helga. Dei to i bilen prøvde å sløkke, men måtte berre kome seg ut av tunnelen då flammane tok overhand.

Totalskadd: Vogntoget frå Norva24, avdeling Miljøservice i Stryn, blei totalskadd i brannen i Høgsettunnelen på E39 på Nordmøre fredag.  Foto: Olav Skjegstad, Romsdals Budstikke

Nyheter

Det var eit vogntog frå selskapet Norva24 Vest AS, avdeling Miljøservice i Stryn, som blei totalskadd i ein brann i Høgsettunnelen på E39 i Gjemnes på Nordmøre fredag. To tilsette var i bilen då brannen starta.