Sjå fullstendig oversikt over ferjeprisane for bilar og passasjerar i dag – og korleis dei blir etter 1. juli:

Desse pendlarane kan måtte betale 676 kroner per dag

Dei er avhengige av fire ferjeturar kvar dag for å kome seg til og frå jobb. Etter nyttår fekk dei merke på lommeboka at det vart endå dyrare å pendle. Og verre kan det bli.

MERKAR PRISAUKEN: Over 20 Ekornes-arbeidarar frå Hareid og Ulstein må ta ferje fire gonger dagleg for å kome seg til og frå jobb. Her ser vi 15 av dei. Frå venstre og bakover - og framover igjen: Gry Gjerde, Oddveig Hovden, Sangar, Anita Sande, Gerd Gaasø, Said Elmi, Lingam, Balen, Eldar Røyset, Evy Beiermann, Marit Øvrelid, Eli Anne Dimmen Skarshaug, Kirsti Ertesvåg, Iris Grimstad, Sigrun Andersen.   Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– Vi merka at det gjekk opp to takstsoner på dette sambandet etter 1. januar. Prisauken på Hareid – Sulesund fekk vi i fjor, seier 15 pendlarar Sunnmørsposten møtte på ferjesambandet Sykkylven – Magerholm denne veka.