Strynefjellet: Tunge køyretøy står fast, men trafikken går som normalt

To vogntog sperrar vegen, men førebels kan personbilar passere.

Grasdalen: Riksveg 15 over Strynfjellet er ein av vegstrekka i landet som er oftast stengt. Arkivbilde.  Foto: STATENS VEGVESEN, WEBKAMERA

Nyheter

– To vogntog står fast på vestsida av Grasdalstunnelen.

Det opplyser Jan Erikstad i Vegtrafikksentralen i Lærdal.


«Tunnelen» ble godt besøkt i romjulen

Over 100.000 har løst billett for å få med seg Pål Øies katastrofefilm «Tunnelen».



Fylkesordføreren så "Tunnelen"

- Styrket i mitt syn om tunnelsikring

Fylkesordfører i Møre og Romsdal Tove-Lise Torve, har sett filmen "Tunnelen" på kino, og ble styrket i sitt syn på at tunnelsikring må prioriteres. 


– Dei har sklidd inn i kvarandre og sperrer heile vegen, fortel han.

Erikstad legg til at personbilar likevel kan passere. Dette fordi det tilfeldigvis er ein rasteplass på staden som fungerer som forbikøyringslomme.

Vegen vert strødd, men det er usikkert når bergingsbil får fjerne vogntoga.

I verste fall kunne det ha danna seg kø, dersom fleire storbiler hadde blitt stående utan å komme seg forbi. Då ville heller ikkje personbilane klart å passere.

Alt tydar likevel på at trafikken flyt godt.

– Vi har ikkje fått inn meldingar frå bilistar. Dette har gått betre enn venta, seier Erikstad.