< Garanterer lærlingplass til alle - smp.no/nyheter – Nyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Sykkylven:

Garanterer lærlingeplass til alle

Alle elevane ved Vg2 Industriteknologi og Vg3 Automasjon ved Sykkylven vidaregåande skule er no garantert lærlingeplass.

Desse automasjonselevane jublar for den nye lærlinggarantien. Bak frå venstre: Bjørnar Rasmussen Aurdal, Webjørn Wærøy, Håvard Tynes, Bjarne Vedvik og Jonas Gulla. Framme: Ola Mehl, River Følsvik, Mats Forbord, Benjamin Beinset Deari, Magnus Mortensen og Ole-Martin Søvik.   Foto: Emte Aure

Nyheter

Garantien kjem frå Sykkylven Industri- og Næringslag, som har inngått ein slik avtale med skulen. Torsdag vart avtalen feira med kake i robotlaben ved den vidaregåande skulen i Sykkylven, skriv skulen i ei pressemelding.