Tidenes beste resultat for SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Godt resultat: Stig Brautaset og Sparebanken 1 Søre Sunnmøre har lagt bak seg eit godt fjorår og leverer tidenes beste resultat.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Foreløpige rekneskapstal for 2019 viser eit ordinært resultat før skatt på 176,9 millionar kroner, opp frå 112,1 millionar kroner i 2018.

Eigenkapitalavkastninga var 12,7 prosent, opp frå 8 prosent, blir det opplyst i ei pressemelding frå banken torsdag.

Styret i banken foreslår å sette av 15 millionar kroner til gode tiltak i regionen.

– Vi har lagt bak oss eit historisk godt år. 2019-rekneskapen kjenneteiknast ved at banken tek marknadsandelar, har høge inntekter på finansielle investeringar og har god underliggande drift. Dette kjem både kundane, eigenkapitalbeviseigarane og samfunnet til gode, seier administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset.