Vogntog køyrde i grøfta - riksveg var stengt

Politiet måtte dirigerer trafikken på riksveg 60 i Velledalen. Det var trafikale utfordringar, men no er vegen opna igjen.

Vogntog: Vogntoget stod torsdag morgon i grøfta, og personbilar kunne passere. Men vegen var sperra for større køyretøy.  Foto: Atle Hole

Nyheter

Det var tidleg torsdag morgon at det kom melding om eit vogntog som hadde køyrd i grøfta ved Drotninghaug i Velledalen.

– Bergingsbilen er på veg frå Vestnes så det vil ta litt tid før vegen blir opna igjen, opplyser Roar Fylling, operasjonsleiar i politiet, like før klokka 07.00.

Personbilar kunne passere, men det var ikkje råd for større køyretøy å kome forbi.

Og i samband med bilberging vart riksvegen heilt stengt.

Men ved 10-tida torsdag kom meldinga om at vegen var opna igjen.

Politiet var på plass ved ei kjettinglomme der vogntogsjåførar fekk beskjed om å legge på kjetting.