Køyrer over Dragsundbrua - sjølv om ho er stengt:

– Bilistane set seg sjølv og andre i fare

Bilistar køyrer over Dragsundbrua i Herøy sjølv om ho er stengt. Det skapar trafikkfarlege situasjonar.

Dragsundbrua: Bilistar køyrer over brua sjølv om ho er stengt. Det skapar trafikkfarlege situasjonar.  Foto: Mesta AS

Nyheter

Dragsundbrua er så smal at den blir stengt når brøytebilen skal køyre over for å unngå møteulukker. Brøytebilsjåførane slår sjølv på skiltet som viser at brua er stengt før dei køyrer over.