Meiner det var ein tabbe av fylket å selje MRF-aksjane:

– Det var ingen som klaga på ferjeprisane før

Fylkeskommunen skulle aldri ha selt MRF-aksjane sine. Det meiner mangeårig styreleiar Einar Holm.

Veteran: Einar Holm blir 87 år til sommaren, men er framleis sterkt engasjert i kva som rører seg i samfunnet. Som mange andre er Holm uroa over dei høge ferjeprisane i landet. Holm var ordførar i Hareid i 16 år, sat på fylkestinget i 32 år (éin periode som fylkesvaraordførar) og var med i MRF-styret i 24 år - av dei 16 som leiar. Her ser vi Holm ta imot Sunnmørsposten heime på Hareid.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Det var lenge mange som meinte vi burde selje unna MRF-aksjane. Vi kjempa imot og klarte det lenge. Til slutt klarte Framstegspartiet og Høgre å få fleirtal for å selje unna.