Tidlegare fylkesordførar Olav Bratland:

– Det var rett å selje MRF-aksjane

Olav Bratland (Høgre) meiner det ikkje er ei fylkeskommunal oppgåve å eige og drive ferjeselskap.

Tidlegare fylkesordførar: Olav Bratland var fylkesordførar mellom 2007 og 2011. Han var også ordførar i Stordal mellom 1994 og 2003.  Foto: Arkivfoto

Nyheter

Bratland var fylkesordførar i 2011 då dei såkalla MRF-aksjane vart selde.

Tidlegare MRF-styreleiar Einar Holm meiner dette var ein tabbe.

Men Bratland angrar ikkje.

– Fjord1 har etter salet utvikla seg på ein svært positiv måte. Det har blitt eit konkurransedyktig selskap som har klart å vinne viktige anbodskontraktar. Det betyr også tryggare arbeidsplassar, vurderer Bratland.

Eit argument for at fylket ikkje skulle ha selt MRF-aksjane var at eventuelle overskot ville ha blitt brukt på å forbetre ferjetilbodet i fylket, og ikkje til utbyte til eigarane av eit privat selskap.


Jon Aasen angrar på fylket si rolle i ferjesaka:

- Vi var naive

Den tidlegare fylkesordføraren ærleg om ferjesituasjonen:

Men Olav Bratland meiner det ikkje er ei fylkeskommunal oppgåve å drive ferjene – og at salet av Fjord1-aksjane viser at andre aktørar enn fylkeskommunen er best skikka til å eige og drive ferjeselskap.

– Korleis Fjord1 hadde utvikla dei siste 10 åra med framleis fylkeskommunalt eigarskap er umogleg å vite. Det blir berre synsing. Men eg tvilar på vi hadde fått den same positive utviklinga av selskapet. Verdiane på aksjane vurderast som god med omsyn til framtidig inntening, seier Bratland.


Meiner det var ein tabbe av fylket å selje MRF-aksjane:

– Det var ingen som klaga på ferjeprisane før

Politikarveteran ut mot salet av MRF-aksjane: