Ørsta/Volda lufthamn Hovden:

Fryktar for flyplassen etter rutekutt

– Dette er alvorleg. Heile kortbanenettet står i fare for å bryte i hop, fryktar Odd Magne Vinjevoll i Utviklingforum Ørsta/Volda lufthamn Hovden.

Rutekutt: Odd-Magne Vinjevoll og oljearbeidarane som pendlar frå ytre søre Sunnmøre til jobb i Nordsjøen, fryktar kutt på Hovden. Frå venstre Fredrik Jøsok Nilsen, Odd Magne Vinjevoll, Tommy Skrede og Truls Torvik.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Widerøe varslar omfattande kutt i rutetilbodet over heile landet. Ørsta-Volda Lufthamn er ein av flyplassane som vil få merke kutta, og næringslivet i regionen er uroa.