FAU-leiarane reagerer etter skulerapporten om Giske kommune:

– Saka kan splitte kommunen ytterlegare

Det er ikkje tatt omsyn til bornas beste – og kvart samfunn i Giske kan bli sett opp mot kvarandre. Det er FAU-leiarane sin knusande dom over den ferske rapporten om skulestruktur i kommunen.

Fryktar konsekvensane: Folketalet på Giske har stige mest i fylket dei siste åra, men det er inga sjølvfølgje om skular forsvinn - meiner FAU-leiarane Marthe Alnes Aarøe (Godøy) og Magnhild Molnes Giskegjerde (Giske). Færre skular kan gjere det mindre attraktivt å bu i kommunen, vurderer FAU-leiarane.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– Eg fryktar at saka kan splitte kommunen ytterlegare, og at skilja mellom dei ulike øyane i kommunen kan bli endå større, seier Marthe Alnes Aarøe, FAU-leiar på Godøy skule.