Dette er saka:
Ein storflaum i 2016 utraderte gyteplassane for villaksen i Barstadvikelva
Det finst framleis truleg nokre få individ, samt litt yngel
Barstadvik elveeigarlag har tatt prøver og funne høge konsentrasjonar av aluminium i nedre del av elva
Den kjem etter alt sannsyn frå eit stort hogstfelt ved elva
Aluminium festar seg i gjellene til laks, og kan vere dødeleg for lakseyngel
At Barstadvik-laksen, som har eksistert sidan siste istid, nesten er utrydda skuldast fleire ting. Særleg at ein storflaum i 2016 øydela viktige gyteplassar. Med aluminium frå hogstfeltet har lakseyngelen fått ei giftig tilleggsbelastning.