< Vil byte ut den gamle mjølkebilen - smp.no/nyheter – Nyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Brannvesenet i Sykkylven:

Vil byte ut den gamle mjølkebilen

Tankbilen til Sykkylven brannvesen er ein ombygd mjølkebil frå 1991. No er brannfolka redd den ikkje skal starte når det kjem melding om brann.

Tankbilen til Sykkylven brannvesen er blank og fin, men snart 30 år gamal - og slit med å kome seg fram.  Foto: Sykkylven brannvesen

Nyheter

– Behovet for vedlikehald av bilen aukar stadig. Og no slit vi stadig oftare med å få tak i reservedelar. I periodar har den vore ute av drift, seier brannsjef Oddmund Grebstad til Sunnmørsposten.