Pål Farstad trur det både blir opera og billegare ferjeprisar:

– Uaktuelt å setje kultur opp mot ferjeprisar

Fylkespolitikar Pål Farstad (Venstre) vil ikkje vrake operaen for å få billegare ferjer. Signal frå høgste hald gjer at Farstad ikkje trur det blir nødvendig å setje ønska opp mot kvarandre.

Vil ikkje vrake opera for billegare ferjer: Pål Farstad (Venstre) meiner Møre og Romsdal skal ha begge deler.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

– I løpet av fylkeskommunen sin budsjettprosess sist haust var eg temmeleg sikker på at staten ville følgje opp med midlar til omstillinga. No når Framstegspartiet har gått ut av regjeringa er eg heilt sikker på at regjeringa vil følgje opp. Gjennom tallause samtalar og møte med Venstre sine folk i både regjering og på Stortinget er biletet heilt klart: Midlar vil kome.