Sårbare kraftkommunar

Rimeleg elektrisitet gir fornøgde forbrukarar – for Fjord og andre kommunar står derimot mellom anna sjukeheimsplassar på spel.

Treng kraftmillionane: Eva Hove (Ap) er ordførar i Fjord kommune, som er Norddal og Stordal samanslått. Også for til dømes Ørsta og Volda er kraftkronane viktige.   Foto: Terje Engås (arkivbilde)

Nyheter

Kraftprisen har søkke frå rundt 40 øre i snitt i fjor, til under 20 øre kilowattimen no i februar.

Ordførar i Fjord kommune, Eva Hove (Ap), fortel til E24 kva eit prisfall på berre ti øre per kilowattime betyr for kommunen:

5,8 millionar kroner i tapte inntekter i løpet av eit år.

– Ein tommelfingerregel seier at ein sjukeheimsplass kostar cirka ein million. Det sett jo dette i perspektiv, seier ho til E24.

Kommunen har ifølge E24 kring 36 millionar kronar i årlege inntekter frå konsesjonskraft, konsesjonsavgift og eigedomsskatt.

Hove kan trøyste seg med at regjeringa vil behalde dagens skatteregime.

Dei endringane som kraftskatteutvalet foreslo, kunne potensielt gitt mindre inntekter til kommunane og meir til staten. Hove engasjerte seg sterkt imot dette.


Slår alarm om endra kraftskatt: «gedigen sentralisering»

Dersom skatteregimet for vasskraft vert endra, blant anna kommunane Ørsta, Volda og Fjord tape betydelege summar.