Ålesund:

Her kan du låne sport- og fritidsutstyr gratis

Skattkammeret Ålesund, som er ein del av Kirkens Bymisjon sitt arbeid for born og unge, opna 5. desember 2019. Sidan då har det strøyma inn både store og små for å låne både kle, sport- og fritidsutstyr – med lånekort.

Skattkammeret: Frå venstre: Bengt-Erik Lundqvist, Espen Ellefesen, Nils Espen Lilleheim og Sondre Steinsbøl. Ellefsen er verksemdsleiar, dei tre andre er frivillige ved Skattkammeret.  Foto: Lene Flataker

Nyheter

– Dette er eit TV-aksjonstiltak, og vi er sikra drift i tre år, fortel verksemdsleiar Espen Ellefsen. Blant anna Nasjonalbiblioteket, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Røde Kors og Den Norske Turistforening støttar tiltaket.