Professor om skuledebatten i Giske:

– Rolla til skulane i lokalsamfunnet er ikkje relevant

Fleire har peika på rolla Giske skule spelar for lokalsamfunnet når dei går mot nedlegging. Professor i pedagogikk meiner dette argumentet ikkje er viktig.

Professor: Thomas Nordahl er professor i pedagogikk ved Høgskolen i Innlandet.  Foto: Høgskolen i Innlandet.

Nyheter

– Å drive skule handlar om å gi best mogleg læring for elevane. Ein skule kan ikkje brukast som verkemiddel for å halde liv i lokalsamfunnet, seier Thomas Nordahl, professor i pedagogikk ved Høgskulen i Innlandet.