– Staten pungar ut til eigne ferjer – svelteforar fylkesferjene

For dei statlege ferjene i Møre og Romsdal skyt kostnadene i vêret. Samtidig tvingar dei fylkeskommunen i kne, meiner Kristin Sørheim (Sp).

Stiller spørsmål: Leiaren i samferdselutvalet, Kristin Sørheim (Sp), spør seg kvifor drifta av dei statlege ferjene i fylket aukar kraftig, mykje meir enn dei statlege overføringane til fylkesvegferjene.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

På sju år er kostnadene til drift av dei statlege ferjene i fylket meir enn fordobla. Det går fram av ein oversikt utarbeidd av Møre og Romsdal fylkeskommune. Kostnadene med dei statlege ferjene har auka med heile 140 prosent i perioden.