Dale engasjerer seg i saka om sepsisbehandling

– Viktig at legane som er nært pasienten får avgjere om C-vitaminkur er det rette

Stortingsrepresentanten ber helseminister Bernt Høie ta tak i saka.

Vil ha avklaring: Jon Georg Dale (Frp) vil ha svar frå helseminister Bernt Høie om bruken av C-vitamin mot sepsis.   Foto: Lise Åserud / NTB scanpix (arkiv)

Nyheter

Stortingsrepresentant Jon Georg Dale (Frp) har kasta seg inn i kampen for den omstridde behandlinga med C-vitamin for pasientar med alvorleg blodforgifting (sepsis) – og måndag stilt spørsmål til helseminister Bent Høie om saka.

– Eg reagerer på at fagdirektøren i Helse Møre og Romsdal kallar behandlinga uetisk. C-vitaminkuren er biverknadsfri og billeg, og då meiner eg det er viktig at legane som er nært pasienten får avgjere om det er rett behandling, seier han til NRK Møre og Romsdal.

Helseføretaket har presisert at legane framleis står fritt til å vurdere behovet for kuren ved sepsis, sjølv om fagdirektør Torstein Hole ikkje tilrår behandlinga som systematisk kur mot sepsis. Dette meiner Dale er bra, men han vil likevel ha ei avklaring på spørsmålet frå helseministeren.


Vil halde fram med C-vitaminkuren på Volda sjukehus

– Eg vil kunne halde fram med C-vitaminbehandling ved alvorlege blodforgiftingar. Det vil vere basert på ei individuell vurdering av pasienten.

Fagdirektør i Helse Møre og Romsdal griper inn:

Stopper C-vitaminbehandling i Volda

Fagdirektør Torstein Hole i Helse Møre og Romsdal har vurdert den systematiske behandlinga av sepsis med C-vitamin, og avgjort at den skal avsluttes.