Ein person til lege etter trafikkulykke

Naudetatane rykka måndag ettermiddag ut til ei trafikkulykke i Sørestranda i Sykkylven.
Nyheter

Det har vore fleire trafikkulykker måndag, og klokka 13.21 melder politiet i Møre og Romsdal om ei ny ulykke.

Denne gongen er ein bil involvert i ei trafikkulykke i Sørestranda i Sykkylven.

I ei oppdatering klokka 13.49 melder politiet i Møre og Romsdal at ein person er involvert i ulykka og teken med til legebehandling.

Vegen blei opna like før klokka 15.