To kvinner mista livet. Denne veka møter bilførar i retten

Ein mann i 50-åra møter tysdag i retten, tiltalt for dødsulukka på gangvegen i Kjølsdalen i romjula 2018.

Rettssak: Her på denne gangvegen omkom to kvinner etter å ha blitt påkøyrd. Bilføraren møter denne veka i Sogn og Fjordane tingrett. Arkiv  Foto: Terje Engås

Nyheter

Tysdag startar rettssaka mot ein nordfjording som er tiltalt for aktlaust bildrap etter ei trafikkulukke 27. desember 2018.