Anders Riise (H) positivt overraska over det gode resultatet i fylkeskommunen:

– Dette kan gi lågare ferjeprisar

Fylkeskommunen fekk til mange si overrasking eit netto driftsresultat på 313 millionar kroner, rundt 280 millionar kroner meir enn venta. Det kan føre til at ein ikkje treng å legge på ferjeprisane, seier Anders Riise (Høgre).

Positiv overrasking: Høgre sin gruppeleiar Anders Riise håper eit betre økonomisk 2019 enn venta kan gi lågare ferjeprisar.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Hadde vi visst dette tidlegare kunne det ha gjort at vi ikkje vart nøydde til å legge ned fag eller klassar i den vidaregåande skulen i fjor. No ser vi at vi kan få større økonomisk handlerom enn venta. Det kan gjere at vi ikkje treng å gå opp to takstsoner i ferjeprisar, seier Riise, som er Høgre sin gruppeleiar på fylkestinget.