Fylkesrådmannen godt nøgd med 2019-rekneskapen, men ser også forbetringspotensiale:

Dette tek Guttelvik sjølvkritikk på

Ottar Brage Guttelvik meiner dei ikkje kunne gjort noko annleis i kommunikasjonen med politikarane før fylkestinget i desember. Men fylkesrådmannen ser felt administrasjonen må bli betre på i framtida.

Godt økonomisk år: I desember måtte fylkespolitikarane legge ned fleire skular grunna den svake fylkesøkonomien, men då visste dei lite om at fylket skulle gå med over 300 millionar kroner i pluss i 2019. Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik seier dei må jobbe med å levere mindre konservative prognosar.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Eg ser at vi over tid har vore veldig konservative, eller forsiktige om du vil, med prognosane våre. Eg har sagt internt at dette må vi bli betre på framover, seier Guttelvik til Sunnmørsposten.