Trafikkuhell i Volda

Bil mista hjul – skapar trafikktrøbbel i Volda.
Nyheter

Politiet i Møre og Romsdal melde om eit trafikkuhell i Eiksetvegen i Volda tysdag morgon.

Det er ikkje meldt om personskadar, men uhellet har ført til trafikale problem på staden.

Politiet rykker ut til staden for å bistå, skriv Møre og Romsdal politidistrikt i ei twittermelding klokka 08.53.

Klokka 09.24 melder politiet at dei er ferdige på staden. Bilen er henta av bilbergar.