Sian søkte om å halde markering på Joachim H. Rønnebergs plass:

– No får dei leie markeringa i ytringsfridomens namn

Foreininga Sian (Stopp islamiseringen av Norge) ynskjer å halde ei to timar lang markering 19. august på Joachim H. Rønnebergs plass ved rådhuset i Ålesund. No har dei fått svar på søknaden.

Seier ja til Sian-markering: Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) diskuterte søknaden til Sian med politisk leiing i Ålesund, administrasjonen og politiet. No har dei valt å innfri søknaden.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

I søknaden om den politiske markeringa, datert 3. februar, skriv dei at dei ville svar innan tre veker. Fristen vart sett for at dei kunne «få gjennomført de nødvendige juridiske prosessar og avklaringar i tide til at vår menneskerettsaktivisme kan gjennomførast slik omsøkt», skriv Sian-leiar Lars Thorsen i søknaden. Den vart sendt til Ålesund kommune, sidan dei er grunneigarar av det gjeldande området.