Uklart om rekkverk kunne hindra dødsulykka i Kjølsdalen

Eit rekkverk mellom riksveg 15 og gangvegen i Kjølsdalen, ville høgst sannsynleg ikkje stoppa ulykkesbilen og hindra dødsulykka.

Gangveg: Her skjedde ulukka der to kvinner omkom. Det er ikkje rekkverk mellom gangvegen og riksveg 15 der det er 80-sone. Arkiv  Foto: Terje Engås

Nyheter

– Ein kan stille spørsmål ved om eit rekkverk ville stoppa bilen, utan at eg har noko absolutt svar på det. Slik det er lagt opp i forslaga, ville rekkverk ikkje stoppa bilen, sa sakkunnig Erik Aanerud og viste til trafikktryggingsforslag i ulykkeskrysset i Kjølsdalen som blei lagt fram i Sogn og Fjordane tingrett onsdag.