Dødsulykka i Kjølsdalen: Påstand om 1,5 år i fengsel

Aktor meiner bilføraren som er tiltalt for dødsulykka i Kjølsdalen må dømmast til fengsel i eitt år og seks månader, utan vilkår.

Aktor: Statsadvokat Kristine Herrebrøden er aktor i straffesaka mot ein nordfjording i 50-åra som er tiltalt etter dødsulykka i Kjølsdalen.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

– Tiltalte er utan truverd og må domfellast på alle postar, sa statsadvokat Kristine Herrebrøden i sin prosedyre før hovudforhandlinga avslutta torsdag.