Ferje var innstilt Sulesund-Hareid

Turar merka B i ruteheftet var innstilt torsdag ettermiddag.
Nyheter

Ferja «Giskøy» fekk teknisk problem i sambandet Sulesund-Hareid torsdag ettermiddag.

Ein ferjepassasjer fortel til Sunnmørsposten at eine ferjelemmen ikkje lét seg opne.

Dermed måtte ferja snu og bilane rygge i land på Sulesund. Fjord1 opplyser at feilen var registrert klokka 15.10.

Det gjekk ikkje lenge før feilen vart retta.

– Eg har fått beskjed om at det er normal trafikk frå klokka 16, seier Terje Seljestokken i Fjord1 til Sunnmørsposten.

Det vart ikkje nødvendig å sette inn reserveferja som dei har liggande i Hjørungavåg.

Alle ferjene i sambandet var splitter nye då dei kom for eitt år sidan. Dei to andre ferjene er «Hadarøy» og «Suløy».