Forsøker å berge båt på 70 fot som er i trøbbel ved småbåthamn

Ei 70 fots fiskeskøyte tar inn vatn ved kai på Longva. Brannvesenet sett i gang pumping.
Nyheter

110-sentralen melde klokka 10.21 at brannvesenet rykka ut til småbåthamna på Longva for å assistere ein båt i trøbbel. Den er fortøydd til kaia, har tatt inn mykje vann, men det er ikkje fare for at den skal søkke med det første. Det skriv 110-sentralen i ei twittermelding.

Ifølge Kjetil Iversen ved 110-sentralen så er båten ei fiskeskøyte på 70 fot som blir brukt som fritidsfartøy.

– Vi har starta pumping, seier Iversen.

Han er ikkje kjent med årsaka til at båten har begynt å ta inn vann.

Interkommunalt Utvalg mot Akutt forurensing (IUA) Sunnmøre er også sett i aksjon.