UKM Ørsta-Volda:

- Det er viktig å setje pris på det som vert utøva av lokal kultur og kunst

Det vart eit show utan sidelike då UKM Ørsta-Volda vart arrangert laurdag ettermiddag.
Nyheter

Deltakarane tok steget fram på scena, og framførte i alt 15 innslag. Publikum fekk høyre alt frå band spele musikk av Muse og The Beatles, til solistar song til Whitney Houston, Queen og eigenkomponerte låtar. Dei fekk også sjå ballett, harpespel og eit jentekor synge Coldplay.