Montessori-skule kan vere bra for elevane, men ikkje for kommuneøkonomien:

Her angrar dei ikkje på at dei starta Montessori-skule

Fleire politikarar ser med gru tilbake på vedtaka dei gjorde om å legge ned grendeskular. Folket i grendene er derimot minst like nøgde som før.

Fredagslunsj: Kvar fredag gjer dei noko ekstra ut av lunsjen på Hildre Montessoriskule. Desse elevane skal fortelje dei andre kva dei har laga. Frå venstre: Line Marie Hurlen Tysnes, Sandra Zatanova Fylling, Sophia Hildre, Mariann Helland Kolbensen, Emelius Aaberg og Sander Matheo Norvoll.   Foto: Einar Orten Trovåg

Nyheter

– Vi ønskte jo ikkje at den offentlege skulen vart lagt ned. Då det først skjedde så ser vi i ettertid at det var like greitt. No slepp vi ein kamp kvar haust for å bevare skulen, seier Dagmund Hildre, styreleiar for Hildre Montessoriskule.