Her vil dei ta imot cruiseskip

Sykkylven arbeider med å etablere seg som ei ny cruisehamn på Nordvestlandet. Britiske Fred. Olsen Cruise Lines har allereie varsla at dei ønsker å kome.

Cruise: Dagleg leiar Åse Helene Folstad i Sykkylven Næringsutvikling og ordførar Odd Jostein Drotninghaug arbeider med å få cruiseskip til bygda.  Foto: Terje Engås

Nyheter

– Og det før vi har begynt å marknadsføre oss, seier Åse Helene Folstad. Ho er dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling, og har koordinert arbeidet med å legge til rette for cruiseankomster til Sykkylven.