Industri- og næringspartiet er stifta

Det nye partiet ser på MDG som ein naturleg hovudmotstandar.

Fylkesleiar: Finn Arne Follestad har 30 års erfaring frå maritim industri. – Vi ser at det har opna seg eit rom i sentrum, sa partiets fylkesleiar i Møre og Romsdal i Sunnmørsposten 13. desember 2019.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

Sunnmørsposten har tidlegare omtalt at ei ny industriorientert politisk gruppe samla inn underskrifter for å skipe nytt parti.


Oljefolk stablar nytt politisk parti på beina

Finn Arne Follestad vert partiet sin mann i Møre og Romsdal. Dei samlar underskrifter og trur det er mogeleg å kome rett inn på Stortinget i 2021.


No er industri- og næringspartiet ein realitet.

På skipingsmøtet vart initiativtakar Owe Ingemann Waltherzøe valt til leiar.

«INP har fått tilsendt nærmare 5.000 støtteerklæringar frå hele landet på berre 5 månader», skriv Waltherzøe i ei pressemelding.

Har fått på plass kjernen: Walterzøe er nummer tre foran frå venstre. Fylkesleiar i Møre og Romsdal Finn Arne Follestad står bakerst til venstre. Dei andre er øvrige nyvalte fylkesleiarar.  Foto: Børge Nordås

Ei av hovudsakene er å hindre eventuell avvikling eller utfasing av olje- og gassindustrien.

I pressemeldinga skriv partiet at dei vil «jobbe for en mer balansert klimadebatt og dempe klimahysteriske vedtak».

Dei vil også arbeide for «utvikling og hindre avvikling av kjøttproduserende landbruk», kjem det fram av pressemeldinga.

Blant fleire andre punkt meiner INP òg at EØS-avtalen må reforhandlast slik at «den ikke står over norsk lov eller råderett over norske naturressurser».

Dei vil også arbeide for norske lønns- og arbeidsvilkår for sjøfolk innanfor norsk økonomisk sone så vel som på land.

INP har sett seg eit ambisiøst mål om fem prosent oppslutning ved stortingsvalet neste år.


MDGs fylkesleder i Rogaland meldte seg ut av partiet

MDG Rogalands tidligere fylkesleder Rita Kristin Veland har trukket seg fra vervet og meldt seg ut av partiet. Hun mener partiet driver med skremselspropaganda.