Pål Eikrem «målløs utover normalt» over kronerulling

Mange har valt å gi penger til organisasjon som jobbar med å løyse ALS-gåta.

Har sjølvironi: Pål Eikrem sier han er «stum av engasjementet til folk».   Foto: Bjørn Vatne (arkivbilde)

Nyheter

Pål Eikrem som sjølv har diagnosen ALS, samlar i samband med bursdagen sin inn pengar til organisasjonen med same forkorting: Alltid Litt Sterkere.

Organisasjonen støtter blant anna ALS-forsking.


ALS

Er ein nevrologisk sjukdom som råkar viljestyrt kontroll av muskulatur

Den er sjeldnare enn Parkinson og Alzheimers sjukdom, men likevel tredje vanlegast i kategorien

Til ei kvar tid vil kring 400 menneske leve med sjukdommen i Norge

Årsaka til ALS er ukjent

  • Kjelde: https://sml.snl.no/ALS (Store norske leksikon)

Det opphavlege målet han sette for kronerullinga var 9999. Før det har gått eit døgn har det rulla inn over 80.000 kroner.

«E e heilt lamma av sjokk! Fantastisk gjeng dokke e <3», skriv han på Facebook-sida for innsamlinga.

Eikrem er kjent for å handtere sin situasjon med humor og glimt i auget. ALS er ein sjukdom som gjer at musklane vert lam, noko som blant anna medfører tap av taleevne.

«Målløs utover normalt i dag», skriv Eikrem på Facebook-sida si, om responsen.


Pål hedres med ny pris

En enstemmig komité vedtok mandag kveld å gi Helse- og velferdsprisen til Pål Eikrem.



– Håper min historie kan hjelpe flest mulig

Han er fremdeles Pål med replikken, Pål med humoren. Derfor er det tøft å brenne inne med taleflommen for vinneren av årets hederspris.