Meir bråk rundt skulesituasjonen i Giske:

Skulerapport vart endra etter godkjenning - måtte legge ut korrigert versjon

Arbeidsgruppa som jobba med rapporten om Giske-skulane oppdaga at dei ikkje stod samla om innhaldet. Derfor måtte rapporten endrast i ettertid.

I arbeidsgruppe: Monika Vartdal Giske (Sp) er leiar i livsløpsutvalet i Giske kommune. Ho seier at dei ikkje hadde noko anna val enn å legge ut ein korrigert versjon av rapporten.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

– Etter at rapporten var godkjent av alle i gruppa vart det gjort nokre endringar som vart feil, seier Monika Vartdal Giske (Sp), leiar i livsløpsutvalet i Giske kommune og medlem i arbeidsgruppa.