Høgskulen i Volda:

Lyser ut dekanstillinga på nytt

Styret for Høgskulen i Volda tilsette ingen ny dekan ved Avdeling for mediefag på møtet sitt torsdag. Vedkomande som var innstilt til jobben, har trekt søknaden.

Styremøte ved Høgskulen i Volda.  Foto: Terje Engås

Nyheter

Tor Bang, som var innstilt til stillinga, har nemleg takka nei til jobben av personlege årsaker. Bang er i dag førsteamanuensis ved BI i Oslo.