No er Kleven blitt kroatisk

Fredag var den endelege signaturen på plass - Kleven er blitt ein del av kroatiske DIV Group.

Eigarskifte: No er Kleven blitt kroatisk eigd. Frå venstre administrerande direktør Kjetil Bollestad, Zoran Kunkera frå DIV Group, Tomislav Debeljak som er administrerande direktør og eigar i DIV Group, til høgre finansdirektør Ola Beinnes Fosse i Kleven.   Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

– Dette er ein stor dag for Kleven. Det er ein ny start, sa administrerande direktør Kjetil Bollestad i Kleven under den korte pressekonferansen på verftet fredag ettermiddag.


Kroatisk selskap kjøper Kleven Verft

Det kroatiske industrikonsernet DIV Group har inngått avtale om å kjøpe Kleven Verft i Ulsteinvik av Hurtigruten.


Her blei også den nye eigaren presentert.

Tomislav Debeljak er både administrerande direktør og eigar i DIV Group.

Også Zoran Kunkera, i DIV Group var til stades.

– Filosofien vår er å vekse, og vi tenker langsiktig. Vi vil vere her i hundre år, sa Debeljak som samtidig med verftsovertakinga også kunne feire sin 45 års fødselsdag fredag.


Kroatisk familieselskap bergar Kleven verft

Leiing og tillitsvald: Dette trur dei eigarskiftet vil bety for Kleven

Kleven Verft er sikra vidare drift og unngår både nedbemanning og konkurs.


Under pressekonferansen blei det også kunngjort at Kleven-namnet skal bestå.

Dei nye eigarane varsla også at det blir jobba med kontraktar som vil kunne gi arbeid til tusen personar, når ein reknar med dei innleigde. På det meste har det vore 1700 i arbeid ved verftet, også dette medrekna innleigde.

Kleven Verft har i dag cirka 200 tilsette, i tillegg til cirka 250 tilsette i dotterselskapet Kleven Maritime Contracting.


Harde beskyldninger mot Kleven-kjøper

Den kroatiske EU-parlamentarikeren Ivan Vilibor Sincic kommer med harde anklager mot den kroatiske verftsgruppen som er i forhandlinger med Kleven om å overta verftet.