Folket på Alnes meiner dei ikkje har blitt høyrde i saka om skulenedleggingar i Giske:

– Vi blir behandla som ein turistattraksjon

Innbyggjarane på Alnes fryktar skulen deira blir lagt ned utan at nokon tener noko på det – samtidig som Alnes berre står igjen som eit turistmål.

Meir enn eit fyr: Alnes er kjent for fyret sitt og den flotte utsikta mot havet. Men innbyggjarane minner om at det også bur folk på Alnes - og at skulen betyr mykje for dei. Frå venstre: Lene Walderhaug Alnes og Jan Harald Alnes med dottera Vilje, Knut Andreas Antonsen med borna Andreas og Nora, Morten Alnes Grundstad.   Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– Når det trengst eit postkort frå Giske kommune brukar dei Alnes fyr for alt det er verdt, men kva med oss som bur her, seier Jan Harald Alnes.