Har saksøkt Fjord1:

Meiner ferjekiosken ikkje er kaptein og styrmann sitt ansvar

Skal kaptein og styrmenn også styre med den sjølvbetente kiosken om bord på ferja? Ja, meiner Fjord1. Nei, meiner tilsette som no tek saka inn for rettssystemet.

Rettssak: Ferja mellom Magerholm og Sykkylven er ei av ferjene som har sjølvbetent kiosk. Kven som skal ha ansvar for drifta på slike kioskar blir i neste veke tema i Sogn og Fjordane tingrett. Illustrasjonsfoto.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Ein kaptein og ein styrmann i Fjord1 har saksøkt arbeidsgjevaren fordi dei meiner selskapet ikkje kan pålegge dei å utføre arbeidsoppgåver knytt til kioskdrift.