Aas Mek. Verksted er «Årets bedrift»

Vestnes-bedrifta Aas Mek. Verksted er kåra til Årets bedrift i Møre og Romsdal.

Prisvinnar: Aas Mek. Verksted AS i Vestnes er av fylkespolitikarane kåra til Årets bedrift i Møre og Romsdal.  Foto: Aas Mek. Verksted

Nyheter

Kultur- næring og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal har bestemt at fylkesprisen Årets Bedrift går til Aas Mek. Verksted AS i Vestnes.

Den tradisjonsrike Vestnes-bedrifta byggjer brønnbåtar og har hand om alt frå design og konstruksjon til service og vedlikehald.

– Det er veldig fint å bli sett og verdsett for det vi driv med og har bygd opp over mange år, seier dagleg leiar Halvard Aas i pressemeldinga frå Møre og Romsdal fylkeskommune.


Nye kontrakter til Aas Mek

Sølvtrans investerer for milliarder

Ikke før har Sølvtrans fått levert bygg nummer 200 fra Aas Mek. i Vestnes, har rederiet bestilt to nye brønnbåter til en verdi av knapt 700 mill. kroner fra samme verft.


Rekordstor aktivitet

I grunngivinga for prisen blir det blant anna trekt fram at verftsindustrien er ein internasjonal bransje, der mange båtar blir bygd i utlandet, til låg pris.

– Det er derfor imponerande at ein lokal båtbyggjar blir valt som ein sentral leverandør til dei som er alle fremst innan sitt felt, heiter det i grunngjevinga.

Aas Mek. Verksted er opptatt av rekruttere lokalt og har i dag mellom 60 og 70 tilsette. I strategien ligg også at dei utviklar bedrifta og båtane i lag med oppdrettsnæringa og lokale firma.

– Det har vist seg å vere ein god strategi, for aktiviteten for oss har aldri vore stå stor som no, seier Aas.

Utdeling i april

Fylkesprisen Årets Bedrift skal gå til ei bedrift som på ein eller fleire måtar har utmerka seg. Prisen skal bidra til å motivere og inspirere næringslivsleiarar i fylket til innsats for samfunnet.


Ny pris til Volda Maskin

Fylkesprisen Årets Bedrift går til Volda Maskin. Bedrifta har 25 års erfaring i alt frå små oppdrag til omfattande samferdselsprosjekt.


Prisen blir delt ut under møtet i fylkestinget i april.

Mellom dei som har fått prisen tidlegare år er Volda Maskin i 2017, Slettvoll Møbler i i 2015, Ulmatec Pyro i Haram i 2014, Kleven Maritime i 2012 og Saferoad i Ørsta i 2009.


Slettvoll Møbler er årets bedrift i Møre og Romsdal

«Ei framtidsretta og innovativ bedrift som veks og skapar nye arbeidsplassar», heiter det i grunngjevinga.



Ulmatec Pyro er årets bedrift

Fylkesprisen går til Haram-bedrifta.



Kleven «Årets Bedrift 2012»

Fylkesprisen for Årets Bedrift 2012 vert tildelt Kleven Maritime AS i Ulstein kommune. Prisen blir delt ut på fylkestinget 22. april.