To nye smittetilfelle på Sunnmøre:

Begge var i Austerrike – ikkje i same reisefølge

Den nye korona-smitta personen i Ålesund, og personen i Sula reiste ikkje saman.

Ålesund kommune gjennomfører korona-testar for innbygar  Foto: Staale Wattø

Nyheter

«Dei var ikkje i same reisefølge».

Det opplyser kommuneoverlege i Ålesund, Olav Mestad, i ein sms til Sunnmørsposten.

Dei to smitta personane har begge vore i Austerrike. Vedkomande i Sula hadde vore i Tyrol, nær det hardt råka Italia. Kor i Austerrike den andre personen har vore, er ikkje stadfesta.

I går gjorde Folkehelseinstituttet (FHI) det kjent at tre nye personar i Møre og Romsdal hadde fått påvist smitte. Kor i fylket den siste personen oppheld seg, vil truleg gjerast kjent i løpet av dagen.