Meiner reknestykka om Giske-skulane ikkje held mål

To personar frå Godøya har gått gjennom konsulentane i Agenda Kaupang sine reknestykke for skulestrukturen i Giske. Konklusjonen er at Giske ikkje tener noko på å legge ned ein eller fleire skular.

- Ein illusjon: - Det er ein illusjon å tru at det blir høgare lærartettleik dersom ein legg ned skular i Giske. For det er ingenting ved talmaterialet som tyder på dette, seier Andreas Kiplesund, som har analysert Agenda Kaupang-rapporten saman med Andreas Rørvik Godø.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Rapporten er i beste fall tendensiøs. Vi mistenker at det er brukt tal som er tilpassa formålet om å kome fram til ei innsparing på tre millionar kroner, seier Andreas Kiplesund.