Seks personar smitta av koronaviruset

  Foto: Thomas Thaule

Nyheter

(Fjordingen) Stryn kommune melder onsdag ettermiddag at seks personar i kommunen har fått påvist koronavirus etter å ha opphalde seg i område med vedvarande smitte.

– Eg kan stadfeste opplysningane, seier ordførar Per Kjøllesdal til Fjordingen.

– Alle dei smitta har det bra no, med milde eller ingen symptom, og er i heimekarantene. Personane er ikkje direkte knytt til barnehage eller skule i kommunen, skriv mellom anna Stryn kommune i ein SMS som er sendt ut til innbyggjarane.

Stryn kulturhus, Stryn symjehall og Strynehallen er stengt inntil vidare, og det er innført utvida restriksjonar på omsorgsentera i kommunen.


Denne saka blei først publisert av Fjordingen.