Merkar at trafikken går ned på Vigra

– Dette er nok berre starten, seier flyplassjef Tor Hånde.

Tor Hånde, lufthavnsjef i Avinor på Ålesund lufthavn, Vigra. Bildet tatt i kontrolltårnet på flyplassen. Vigra flyplass   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Flyplassen på Vigra merkar at trafikken har gått ned som følgje av koronasituasjonen.

– Trafikken er mindre enn normalt, og vi ventar ytterlegare reduksjon etter kvart som fleire bedrifter blir meire restriktive med reiser og privatpersonar heller ikkje vil reise, seier Tor Hånde til Sunnmørsposten.

Han er budd på at det også kan bli kutta flyruter.

– Det seier seg sjølv når færre er ute og reiser, seier Hånde.



Fly frå utlandet

Ålesund lufthavn på Vigra har ein del utanlandstrafikk. Og her er prosedyren at alle som kjem frå utlandet blir registrert. Dei må fylle ut skjema og svare på om dei har vore i område med utbreidd coronasmitte.

– Dette er det helsemyndigheitene som styrer. Avinor har tett kontakt med dei. Og her lokalt har vi god dialog med kommunen og kommunelegen. Og vi gjennomfører dei tiltaka som er forventa, seier Hånde.

Oppdatert: Regjeringa vil setje alle som kjem inn i landet frå land utanfor Norden i heimekarantene i 14 dagar.


Alle som kommer fra utlandet skal i karantene

Regjeringen fraråder alle reiser som ikke er strengt nødvendig, og vil sette alle som kommer fra utenfor Norden i hjemmekarantene.


Flyplassar kan bli stengde

Avinor-direktør Dag Falk-Petersen sa til NRK torsdag at det kan bli aktuelt å stenge fleire norske flyplassar, samt ei rullebane på Gardermoen.

Det er ikkje klart kva flyplassar som kan bli stengde. Tiltaket står berre på en liste over ting Avinor kan gjere for å bekjempe smittefaren, ifølgje NTB.


Avinor vurderer å stenge norske flyplasser

Stenging av flyplasser er blant tiltakene Avinor vurderer under koronakrisen.


Avinor har ikkje stengt nokon flyplassar eller rullebaner, skriv Avinor på nettsida si torsdag.

– Vi vurderer situasjonen fortløpande. Vi ber alle reisande om å forholde seg til informasjon frå flyselskapet sitt, skriv Avinor.