Bøsseaksjon mot kreft:

Sette ny rekord trass i at dei ikkje fekk fullføre innsamlinga

Volda vidaregåande skule har sett ny skulerekord i Krafttak mot kreft. Men ikkje alle skular rakk å gå med bøsse før Kreftforeninga sette korona-stopp.

Samla inn: Frå høgre: Ingeborg Brautaset, Louise Bjørdal og Rebekka Johnsen i aksjonskomiteen ved Volda vidaregåande skule. Til venstre: Grete Ryste i Vartdal Plast, ei av bedriftene som har gitt til aksjonen.  Foto: Privat

Nyheter

Volda vgs. har så langt bikka 320.000 kroner til den årlege aksjonen Krafttak mot kreft. Det er ny skulerekord – og det på ein skule som kvart år har samla inn solide beløp i denne aksjonen.