Ikkje dra på hytta i helga

- Hald dere heime, ikkje dra hytta eller campingplassen. Oppfordringa kjem frå fleire store hyttekommunar på Sunnmøre.

Stranda er ein av dei største hyttekommunane på Sunnmøre. (Illustrasjonsfoto)   Foto: ARKIV

Nyheter

– Vanlegvis er dei meir enn velkomne. Men no er det smittehindring som står i fokus. I Fjord kommune har vi mange hundre hytter og campingvogner, ikkje minst på Overøye og i Valldal. Ikkje bruk dei den næraste tida.

Den klare oppmodinga kjem frå Eva Hove (Ap), ordførar i Fjord.

Ikkje karantene på hytta

– Vi vil at folk skal reise minst mogleg no, for å redusere smittefaren. Det er også oppmodinga frå regjeringa. Difor bør ein også unngå å vere på hytta om ein er i karantene, legg ho til.

Hove seier at det er ikkje forbod mot å dra på hytta eller campingplassen, men det er ei tydeleg oppmoding om å la vere i denne høgst spesielle situasjonen som vi er hamna i – i samband med koronaviruset.

Dess fleire som flyttar på seg, jo større er sjansen for smitte.

– Så denne oppmodinga om å bli heime gjeld også våre eigna innbyggarar. Dei bør ikkje dra nokon stad, ikkje til Ålesund heller, men halde seg her heime.

Også i Stranda

Ein annan stor hyttekommune er Stranda. Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) ber også hytteeigarar om å la feriebustaden stå tom dei næraste 14 dagane:

– Styresmaktene si oppmoding bør følgjast dei næraste vekene. Dei som ikkje på død og liv må på hytta, bør bli heime, seier Tryggestad.