Stenger Bingsa på laurdagar

Årim med fleire tiltak knytt til koronavirussituasjonen.

Bingsa i Ålesund.   Foto: Staale Wattø (arkiv)

Dagleg leiar: Øystein Solevåg i Årim.   Foto: Årim

Nyheter

I ei pressemelding fredag varslar Årim fleire tiltak knytt til koronavirussituasjonen. Eit av desse er stenging av Bingsa på laurdagar – både for private, men også for næringskundar gjennom Bingsa Gjenvinning.

– Det er viktig for mange at miljøstasjonane er opne. Laurdagar har vi normalt svært godt besøk og folk kjem tett på kvarandre. Vi såg det difor som riktig å stenge denne vekedagen for å hindre smittespreiing. Bingsa er difor stengt allereie førstkomande laurdag. Resten av veka går foreløpig som normalt, seier dagleg leiar Øystein Solevåg. Tiltaket med stenging laurdagar gjeld førebels fram til påske, og Årim oppfordrar folk om å utsetje besøket til situasjonen med korona har stabilisert seg.

I tillegg til laurdagsstengt på Bingsa gjer Årim følgjande titlak for å førebygge og begrense smitte:

  • Storboss-aksjonane på Fjørtofta, Lepsøya, Haramsøya og Hellesylt blir utsett inntil vidare.
  • Nøsa miljøstasjon (Ålesund) har ikkje ope 21. mars.
  • Alle tenestereiser ut av ÅRIM-området blir avlyst med umiddelbar verknad.
  • Selskapet avgrensar i størst mogleg grad fysisk kontakt mellom lokalitetane på Moa, Bingsa miljøstasjon og Bingsa miljøpark.

For å reduser smitterisiko på miljøstasjonane ber Årim publikum om å:

  • Besøke miljøstasjonen utan å vere i fysisk kontakt med andre
  • Forvente kø. For å unngå nærkontakt begrensar dei kor mange bilar som kan vere på stasjonen samtidig. Dette kan gi kø og lengre tid på å levere.
  • Forvente redusert hjelp. Tilsette vil halde minst ein meters avstand, og vil ikkje kunne hjelpe med å tøme hengar eller bilar.
  • Unngå kontakt for å redusere smittefare. På Bingsa vil dei be kundar om å scanne miljøstasjonkortet på utsida av vekta sjølve.

Selskapet varslar også at dei har lagt ein plan for tiltak, dersom situasjonen skulle eskalere. Ingen slike tiltak blir iverksett no, men dersom dei får redusert bemanning er blant anna følgjande tiltak aktuelle:

  • Bruk av overtid og henting av avfall på andre tider enn i dag
  • Redusere henting av avfall som kan vente, i første omgang glas og metallemballasje
  • Alternative løysingar, for eksempel at innbyggjarar leverer til eigne konteinarar.

– Så langt går den daglege drifta i selskapet stort sett som normalt. Men i ein beredskapsituasjone vil responstida på telefon, e-post og kundekontakt kunne bli redusert. Ikkje alle vil få svar. Vi vil gjere vårt beste for å vere tilgjengelege, men vil måtte prioritere dei aller viktigaste oppgåvene, heiter det.