Gjeld reisande frå ni fylke:

Kjem du frå andre fylke og inn i gamle Sogn og Fjordane, skal du rett i karantene

Alle kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke har bestemt at alle som kjem frå fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet, tidlegare Hordaland og tidlegare Sør-Trøndelag, skal vere i heimekarantene i 14 dagar etter ankomst.

Smittevernlege i Stryn kommune: Marius Solbakken.  Foto: GUNNHILD SINDRE.

Nyheter

Alle kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke har bestemt at alle som kjem frå fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet, tidlegare Hordaland og tidlegare Sør-Trøndelag, skal vere i heimekarantene i 14 dagar etter ankomst.

- Dette er forankra også i Stryn kommune. Tiltaket er dramatisk og vil påverke folk ytterlegare i ein allereie vanskeleg situasjon. Men tiltaka vert sett i gang for å redde liv, seier kommuneoverlege og smittevernlege i Stryn, Marius Solbakken.

Mange studentar har kome heim dei siste dagane, etter at skular og universitet er stengde.

Desse vil no få same karantenevilkår som for dei som har vore på reise utanfor Norge.

For personar som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld dei til einkvar tid gjeldande føringane til styresmaktene for konvertering av karantene til isolasjon.

Transittopphald på flyplass i desse områda, og direkte heimkøyring i eigen bil frå flyplass i desse områda vert ikkje rekna som som opphold i området.

Vedtaket vert gitt tilbakeverkande kraft frå og med 12.mars.

Reisande som ikkje har symptom kan reise til planlagd oppholdsstad, men skal under reisen så langt det lar seg gjere halde avstand til andre.

Reisande med symptom skal umiddelbart i isolering, og kan ikkje nytte offentleg transport.

Leiing av verksemder som er lista etter DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjoner vert gitt adgang til å gjere unntak for eige symptomfritt nøkkelpersonell når dette er strengt naudsynt for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjoner. Vedtaket har verknad frå 15.03.2020 og gjeld inntil nytt vedtak er fatta.

- Kva med folk som har kome heim til Hornindal og Volda frå dei nemnde områda, og som vil reise til Stryn anten for jobb eller anna? Hornindal er no del av Møre og Romsdal.

- Er det folk som bur i til dømes Volda kommune og som har kome frå dei nemnde områda, skal ikkje dei reise på jobb i Stryn. Det er heller ikkje ønskeleg at andre i same situasjon kjem til Stryn dei første 14 dagane, med verknad frå 12. mars eller den datoen dei kjem heim, seier Marius Solbakken.

- Kva er situasjonen elles i Stryn?

- Same status som før helga. Vi har god kontroll i høve smittesporing. Vi har fått svar på fleire prøver dei siste dagane, og alle er negative, seier Solbakken.

Denne saka vart først publisert i Fjordingen.